


Kulturhuset i Suldal vart opna 20.09.02 og har fått status som eit regionalt kulturhus. Det betyr at huset óg er ein kulturell treffstad for Sauda, Hjelmeland, Suldal og Vindafjord. Det er eit kreativt, moderne og tenleg kulturhus.

På desse åra har vi klart å byggja opp eit godt omdømme og blitt eit hus kor både folk i Suldal og nabokommunane søkjer seg naturleg til.
Aktiviteten er høg og vi prøver å nå ut til alle. Det er ikkje berre store og kjende artistar som trekkjer folk, men kulturskulen sine arrangement er óg populære.

Kulturskulen har sin administrasjon i kulturhuset og fleire av elevtilboda finn stad her.
Kinoframsyningar er det fast om søndagen. Med jamne mellomrom har vi film for barn på dagtid og nattkino for ungdom.
Folkebiblioteket har og lokaler i kulturhuset. Her er det ikkje berre bøker til låns. Vi har og eit stort utval i film, både vanleg spelefilm, dokumentar- og faktafilm. Vi har og eit godt utval av musikk og lydbøker. Dersom du berre vil sitja ned foran ein av pc’ane våre eller lese eit tidsskrift, så er du velkomen til det.

I underetasjen er det bowlinghall og biljardbord. Bowling/biljard er ein populær fritidssyssel både for barnefamiliar og ungdom.
Det blir heile tida arrangert bowling-turneringar. Mange bedrifter stiller med lag, noko som viser at dette er eit svært populært tiltak.
For informasjon om Kulturhuset og tinging av billetter, tlf. 52 79 22 90
Opningstider:
Måndag og Fredag kl.11.00- 15.30
Tysdag kl.11.00- 18.00
Onsdag og Torsdag kl.11.00- 17.00
Laurdag kl.11.00- 14.30
I Kulturhuset finn du: Kino-/konsert- og teatersal - ein moderne sal med plass til 256 personar i amfi som kan utvidast til 300 sitjeplassar. Amfiet er mobilt slik at salen og kan nyttast med flatt golv, då med plass til 450. Dette gjev fleire moglegheiter for bruken av rommet;...