


Tilboda våre
Musikk
I musikk gir me opplæring på tangentar, trekkspel, gitar, bassgitar, messinginstrument, fløyte, fiolin, hardingfele og slagverk. I tillegg kan me gi songopplæring. Opplæringa skjer for det meste individuelt, men me har også musikkgrupper, og me prøver å tilretteleggja for samspel.

Musikkundervisninga er desentralisert, det vil seia at du kan få musikkopplæring i den skulekrinsen du høyrer til. Me har ikkje tilbod om alle instrument i alle krinsar, men me prøver så godt me kan å tilretteleggja for at flest råd får oppfylt ønskja sine.

Opplæring på eit instrument passar best for elevar frå 8 års alder, men me kan ta inn elevar under denne alderen dersom me veit me kan gi eit føremålstenleg tilbod. Me har også vaksne elevar, men barn i grunnskulealder blir prioriterte.
Drama

Drama er for dei som likar å jobba med og i roller. Faget er bygd på to søyler: Teater og rolleleik. Kropp, røyst og ulike hjelpemiddel (dokker, masker, skugge) er kommunikasjonsmidla som blir nytta.
Undervisninga vil vera innom:
· improvisasjon
· frå musikk til spel
· frå bilete til spel
· frå tekst til spel
Undervisninga går føre seg i grupper, og me kan ta inn elevar frå og med 2. klasse. Me har eigne tilrettelagde lokale for drama på kulturhuset, så all undervisning går føre seg her, men me er sjølvsagt glade om unge utanom Sand også vil vera med.

Biletkunst
Biletkunst er eit tilbod til dei som vil arbeida skapande innanfor ulike materialar og teknikkar.
Undervisninga vil i løpet av eit år vera innom teikning med blyant (kol/penn) og måling og fargelære.
Me tilbyr gruppeundervisning frå 10 års alder. Me kan også gi tilbod til vaksne.

Undervisninga føregår i eige bygg i Bankbakkjen på Sand. I tillegg har me tilbodet i ein alternerande skulekrins.
Dans:
Dans blir gitt som gruppeundervisning for elevar frå 8 års alder til vidaregåande skule. Ved fulle grupper blir søkjarane prioriterte etter alder, så dette skuleåret har me ikkje yngre elevar enn 4 . klasse på grunn av stor pågang.
Viktig i danseopplæringa er koordinasjon og rytme, og dansarane vil etter kvart læra seg å utvikla koreografi til eigne dansar til musikk.

Danseundervisninga føregår i gymsalen på Rygjatun Eigedom på Eide, Sand.
Kulturverkstad for førskulebarn:
Kulturverkstad for 4 til 6 åringar er tenkt som eit førskuletilbod for å gjera seg kjent med kulturskulen sine tilbod. I løpet av 8 samlingar vil borna få ein smakebit av ulike musikktypar, litt dans og leik, teikning og forteljing eller enkel dramatisering.
Kulturskulen i Suldal har over ca 260 elevplassar og har sin base i kulturhuset. Her kan du få opplæring i musikk, dans, drama, biletkunst og film. Sjølv om mykje av undervisninga går føre seg på kulturhuset, har me også desentraliserte...
Aud Marit Hauge, kulturskulerektor Håkon Nielsen, inspektør og musikklærar på gitar, tangent, slagverk, messing Alie Hamberg, distriktsmusikar og musikklærar på piano Erlend Jordal, distriktsmusikar og musikklærar på...