Kulturhaust i Ryfylke

Kulturhaust i Ryfylke er eit Kultursamarbeid mellom kommunane Sauda, Hjelmeland, Finnøy, Rennesøy, Forsand, Strand og Suldal. I perioden september til november kvar haust kan publikum smake på mange gode kulturtilbod.
Kvar haust samlas eit bredt og spennande kulturprogram med turnear som går i fleire av kommunane og spesialarrangement som berre blir vist i ein av kommunane. Målet er å hausta av eiga grøde og få påfyll utanfrå. Ryfylke har mykje godt å visa fram, og Kulturhaust i Ryfylke er ein kanal for å fremja og utvikla det breie kulturlivet me har.
Relaterte artikler
- Kulturhaust i Ryfylke