Allsang med Valen Vokalensemble

Om arrangementet

Allsong for alle - med Veerle og Valen Vokalensemble

Allsong for alle - med Veerle og Valen Vokalensemble

Medverkande
Valen Vokalensemble
Veerle Haug Tieghem - klaver
Oddgeir Kjetilstad - dirigent

Laurdag 21. november kl. 12:00, Suldal kulturhus allrommet

Dagen etter at Valen Vokalensemble framfører Membra Jesu Nostri i Suldal kyrkje, inviterer ensemblet til allsong for alle i Suldal kulturhus, saman med stjernepianisten frå Suldal, Veerle Haug Tieghem, i samarbeid med Suldal Syngande kommune.

Opplegget er enkelt: Me syng saman. Åtte profesjonelle songarar foreiner røystene sine med amatørsongaren, koristen, dusjsongaren, karaokekongen, skapsongaren og den som aldri eigentleg syng høgt nokon stad. Saman skapar me ei stund med songglede og fellesskap – og du kan delta med den røysta du har.

På programmet står kjende og kjære songar og salmar. Sidan det berre er ei veke til advent, tek me oss fridomen til å leggja inn både julesongar og adventsmusikk, og stunda vert avslutta med at alle saman framfører sjølve Halleluja-koret frå Händels Messias.
Den som ønskjer å førebu seg, kan lasta ned noter via Dropbox – men det er fullt mogleg å møta opp utan å ha øvd eller vera førebudd. Du vel sjølv om du vil syngja melodien eller prøva deg på ei anna stemme. Dei profesjonelle songarane leier an, så me kjem oss trygt i mål.

Om artistane
Valen Vokalensemble vart skipa i 2019 og består av profesjonelle songarar busette i Rogaland. Ensemblet har base i Stavanger konserthus og samarbeider tett med Stavanger symfoniorkester. Dei åtte faste songarane har erfaring frå ensemble som Det Norske Solistkor, Kilden vokalensemble, Trondheim vokalensemble, Den Norske Operas kor, Nordic Voices, Tabula Rasa og Trio Mediæval, og besetninga vert utvida prosjektvis etter kva repertoaret krev.

Namnet på ensemblet heidrar komponisten Fartein Valen (1887–1952), fødd i Stavanger og rekna som ein av dei største norske komponistane på 1900-talet. Ensemblet har opptredd på Festspillene i Bergen og Stavanger kammermusikkfestival, og har etablert seg som ein viktig del av den kulturelle infrastrukturen i regionen.

Oddgeir Kjetilstad har vore kunstnarleg leiar for Valen Vokalensemble sidan 2023. Han har bachelorgrad i song frå Universitetet i Stavanger og mastergrad i direksjon og kyrkjemusikk ved Norges musikkhøgskole. Frå 2011 til 2023 var han domkantor i Stavanger domkyrkje, med kunstnarleg ansvar for mellom anna Stavanger domkor, Stavanger domkirkes guttekor og dei profesjonelle ensembla Stavanger katedralsongarar og Stavanger katedralensemble. Som songar og dirigent har han jobba med dei fleste profesjonelle kor og vokalensemble i Noreg, og var i seks år fast songar i Det norske solistkoret. Frå 2025 til 2027 vikarierer han som domkantor i Oslo domkyrkje og er kunstnarleg leiar for Oslo domkor. Han er òg kunstnarleg leiar for Norges Ungdomskor. Oddgeir leier allsongen.

Veerle Haug Tieghem studerte piano og akkordeon ved konservatoriet i Gent (Belgia) hos Johan Duijck (piano) og Philippe Thuriot (akkordeon). Sidan barndommen har ho vore aktiv i ulike ensemble, både i ein firhendig pianoduo saman med bror sin og som pianist i ein pianotrio. Begge ensembla deltok i konkurransar frå ung alder og fekk gleda av å framføra musikk på internasjonale scenar. Veerle har òg alltid vore aktiv korsongar, fyrst i barnekor og seinare i lokalkoret i Izegem, der heile familien deltok medan ho voks opp.

I 2012 flytta Veerle til Suldal for å bli distriktsmusikar – ein jobb mange pianistar og musikarar berre drøymer om: utøvande musikar og lærar på heiltid, med fritt spelerom til å sette opp store og små konsertar. Å spele saman med andre er det viktigaste av alt. I Suldal finst det eit hav av høve til det, og i tillegg til å spele i distriktsmusikargruppa er Veerle aktiv akkompagnatør i to kor, og set opp konsertar saman med ektemannen, som er komponist, gitarist og bygdas organist.