Den første julen i Skomakergata

Laurdag 25. november har me lokal premiere på denne deilig nostalgiske julefilmen!

Det er første jul etter krigen, og Stine (9) kjem aleine med toget til Skomakergata. Her søker ho ly hjå Skomakar Andersen, som viser seg å vera ein gretten surpomp som trivest best aleine. Møtet mellom dei to skal forandre liva deira for alltid. Den Første Julen i Skomakergata fortel historia om korleis ei lita jente på rømmen får Jens Petrus Andersen til å innsjå at livet er best når du kan dele det med dei du er glad i!

Billettar til Den første julen i Skomakergata

  • Tittel: Den første julen i Skomakergata
  • Premiere: 2023-11-10, lokal premiere 25. november
  • Varar: 1t 33min
  • Sjanger: Julefilm
  • Aldersgrense: 6
  • Originalspråk: Original
  • Regissør: Mikal Hovland
Publisert
17. november 2023
Skrevet av
Toyni Tobekk