Den store kinodagen = 1/2 pris på billettane

Laurdag 5. november er det kino for alle penga over det ganske land. Slik er det her i Suldal òg.

Alle filmane: Kulturhuset i Suldal | Den Store Kinodagen

10.30 MAMMA MØ FINNER HJEM
Me startar forsiktig opp på laurdags føremiddag med den koselege filmen om Mamma Mø. Mange kjenner nok forteljingane om Mamma Mø og bestevenen Kråka i frå bøkene, men innimellom kjem ho på film. Denne gongen heiter filmen: Mamma Mø finner hjem (A).

11.45 MYKE POTER, SKARPE KLØR
Så er det på med noko skikkeleg fartsfullt og action: Myke poter, skarpe klør (6). Ut i frå tittelen kan me rekna med at her blir det nærkontakt med forskjellige kattedyr. Midt oppe i det heile står hunden Fred. Han drøymer om å bli samurai!

13.30 LILLE VILLLE KROKODILLE
Me køyrer på vidare med Lille Ville Krokodille (6). Han med så fin songstemme, men som er så sjenert.

15.30 KRIGSSEILEREN
Då tenker me at dei yngste har fått sitt og går over til litt vaksnare program. Fekk du ikkje sett Krigsseileren (12), så er det ny sjanse for deg denne dagen.

18.15 BLACK ADAM
For superhelt-fansen så svingar me opp med Black Adam (12). Her får Dwayne Johnson nok ein gong vist fram musklane sine.

20.15 JENTETUR
Fekk du ikkje med deg den norske komedien Jentetur (9)? Ny sjanse for deg denne laurdagskvelden. NB! Ingen utlodning av goodie-bags denne kvelden. 

22.00 SMILE
Og i år avsluttar me Den store kinodagen med ein skikkeleg guffen grøssar: Smile (15). Dr. Rose Cotter har vore vitne til ein svært traumatiserande oppleving der ein av pasientane hennar var involvert. Etter dette opplever ho skremmande hendingar som ho prøver å flykte i frå. Filmen inneheld nærgåande skildringar av drap og sjølvmord og kan fort vera angstskapande. Hugs at her har vi ei absolutt 15 års aldersgrense.

Alle filmane på Den store kinodagen viser vi til halv pris!

Publisert
02. november 2022
Skrevet av
Eva Bendiksen