Filmomtale: IBELIN

Dette er historia om Mats «Ibelin» Steen. Mats var son til tidlegare byråd Robert Steen og barnebarn av Reiulv Steen. Mats var alvorleg muskelsjuk og døydde berre 25 år gamal.

Grunna sjukdomen var han mykje åleine og fekk sjeldan høve til å vera med jamnaldringar. Då hadde han heldigvis moglegheit til å gå inn i den virtuelle verda. Foreldra var bekymra for all den tida brukte på gaming og prøvde som alle «gode» foreldre å begrensa skjermtida hans.

Då Mats døyr kjem det, til foreldra si overrasking, inn kondolanse-meldingar frå store delar av verda. Det viste seg at Mats sitt liv ikkje var så einsamt likevel. Han hadde heller ikkje levd eit liv til fånyttes, då fleire av spelvenene hans kunne fortelja om ein ung mann som var full av omsorg for andre.

Denne dokumentaren er laga av Benjamin Ree (Magnus, Kunstneren og tyven). Allereie no har filmen hausta prisar både på den amerikanske Sundance-festivalen og den største nordiske filmfestivalen i Göteborg.

Første visning av denne filmen blir «Filmundring» tysdag 13. februar 17.30. Me byr på kaffe og kake og samtalar om filmen i etterkant. Til ordstyrar har me som vanleg fått Judith Litlehamar.

Ikkje nok med det så er dette ein del av Den norske filmfestivalen (Amanda) i Suldal og sjølvaste festivalsjefen, Tonje Hardersen kjem og vil introdusera «Ibelin» for oss.

Publisert
05. februar 2024
Skrevet av
Eva Bendiksen