Konvoi

«Konvoi» er inspirert av verkelege hendingar og handlar om eit av dei største drama som utspant seg på havet under andre verdskrigen.

Billett til Konvoi får du her.

Sommaren 1941 verka Hitlers krigsmaskin ustoppeleg. Etter å ha underlagt seg store delar av Europa, invaderte Tyskland no Sovjetunionen. Dei allierte vart tvungne til å hjelpe. Konvoiar av lasteskip vart fylte til randa med krigsmateriell og starta den farefulle ferda frå Island til Murmansk og Arkhangelsk.

Norsk krigshistorie

I Konvoi følgjer me eit norsk lasteskip på den dramatiske reisa. Under ferda blir konvoien splitta og dei blir overlatne heilt til seg sjølv. Utan nokon form for militær bakgrunn står mannskapet no ansikt til ansikt mot den tyske krigsmaskina i det iskalde Nordishavet.

Under ustoppeleg angrep kjempar det unge mannskapet ein kamp med livet som innsats for å få lasta fram, få ein slutt på krigen og få komma heim.

Konvoi er ein norsk krigsfilm som har fått aldersgrense 12 år. 

Regi: Henrik Martin Dahlsbakken

I Konvoi: Tobias Santelmann, Anders Baasmo, Heidi Ruud Ellingsen, Jon Ranes, Preben Hodneland, Kristian Repshus, Olav Waastad, Adam Lundgren, Jakob Fort, Fredrik Stenberg D-S, Tord Kinge

Lengde: 108 minuttt

Publisert
17. desember 2023
Skrevet av