Moddi - julekonsert i Suldal

Pål Moddi Knutsen er for mange kjent som sjølve julestemma, etter at den unge senjaværingen i 2011 vart handplukka av kronprins Haakon til å synge Nordnorsk julesalme under Slottets julekonsert.

Billett til Moddi - julekonsert i Suldal

Sidan har Moddis songar blitt allemannseige i dei tusen heimar. Til vinteren gir Moddi ut sitt første ordentlege julealbum, med kommande klasarar for juleelskarane blant oss – og for dei som har eit mer avmålt forhold til desembermånaden.

Moddi i Suldal

"Sjølv har eg vanskeleg for å finne roen i alt stresset og forventningspresset" fortel Moddi om det kommande albumet. "Eg ville lage ei juleplate som er meir jordnær, meir om det eg skulle ønske jula handla om. Om å finne tilbake til kvarandre etter eit langt og hektisk år. Om å puste ut og høyre til der du er. Eg trur det er fleire enn berre eg som treng det."
 
På scena:

  • Pål Moddi Knutsen (gitar, trekkspel, song)
  • Katrine Schiøtt (cello, song)
  • Sverre Laupstad (piano, song)

Stikkord: Julekonsert, Moddi, Nordnorsk julesalme

PRAKTISK INFO:
Kulturhuset har ope heile dagen og heilt fram til konserten begynner. Kafe Brunsj har ope frå kl. 17.00. Meny kyllingsnitzel m/båtpotet og salat og wagyu + hjorteburger m/ båtpotet. Alltid lurt å bestille bord: brunsj.kulturhuset@gmail.com

Moddi - heimeside

Publisert
28. oktober 2023
Skrevet av
Toyni Tobekk