Slik gjer me det - januar 2022

Dette gjeld på kulturhuset og biblioteket:

Hugs at du må ha munnbind på når du ikkje greier halde nødvendig avstand til andre. Dette gjeld i alle fellesareala i kulturhuset og biblioteket. 
 
Munnbind på kino og andre arrangement i storsalen:
Skal du på kino, konsert eller liknande arrangement, bed me om at du har munnbind på i foajeen og heilt til du har sett deg i setet ditt. Du må fortsette å ha munnbindet på viss du ikkje greier å halde minst 1 meter avstand til andre enn dei som er i same husstand eller tilsvarande nære medan du er på kino. Munnbindpåbodet gjeld ikkje medan du inntar mat og drikke sitjande.
 
Munnbind på møte:
Skal du halde eller delta på eit møte på kulturhuset, er det påbode med munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre enn dei som er i same husstand eller tilsvarande nære.
 
Munnbind på bowling:I bowlingen er det nå påbode med munnbind. Det er bare tillate å vere 12 personar inne om gongen i tillegg bowlingvakta.

Antall personar:
Me kan ha inntil 200 personar i storsalen, inntil 30 i allrommet.
Me kan ha maks 12 personar i bowlingen om gongen.
I kafeen er det registrering + 1 meter avstand mellom gruppene som gjeld. Me kan ha inntil 25 gjester i foajeen og 25 i allrommet. 

Publisert
14. januar 2022
Skrevet av
Toyni Tobekk