Eksplosivt show med Håvard kjent fra Barn ingen adgang
Billetter
Om arrangementet
Håvard Paulsen har vore programleiar i fleire NRK Super-program, mellom anna Barn ingen adgang. Håvard syng og speler gitar, men han er aller mest glad i ting som smell høgt og lagar både lyd og røyk. Dette er eit show for alle som lurer på kva som skjer om du puttar "dette stoffet" oppi "dette stoffet", og for alle som liker at ting går i lufta med eit smell. Dette er verkeleg eit eksplosivt show.
