folk på fredag EDEN/KVIFTE/NESHEIM

Om arrangementet

Stavanger folkemusikklag Stavanger Folkemusikklag blir med på festen! Dei er ein god gjeng frå sørfylket som spelar tradisjonelle hardingfeleslåttar, hovudsakeleg frå Rogaland, men tek seg óg ut på nokre ville omvegar gjennom dalstrøka utanfor fylket sine trygge grenser dersom dei kjem i siget. Ander Hana er musikalsk leiar. «Me skylde han eit minnesmerke» Samtale mellom Anders Hana og Morten Vestbø om bokutgjevinga «Me skylde han eit minnesmerke» som handlar om Arne Garborg og den frilynte ungdomsrørsla i Stavanger. I hovudsak tar dei føre seg perioden 1900 - 1940, ei tid der Bondeungdomslaget (BUL) var ein kulturinstitusjon i Stavanger sentrum og norskdomsrørsla hadde ein sterk posisjon, med mellom anna folkemusikk, litteraturkveldar, folkedans, leikarring, foredrag, teaterframsyningar og hjelpearbeid. Me serverer eit stykke lokal kulturhistorie, frå eit miljø der Arne Garborg var sjølve åndshøvdingen. EDEN/KVIFTE/NESHEIM TRIO Mats Edén (feler), Tellef Kvifte (fløyter), Knut Kvifte Nesheim (trommer) Mats Edén og Tellef Kvifte har vore pådrivarar og sentrale i utviklinga av dagens folkemusikalske samspeltradisjon. Slinkombas og Groupa, der Tellef og Mats var med i kvar sine, var frå slutten av 70-talet pionerar i ei utvikling som skaut fart utover 80-talet, og som i dag viser att i eit mangfald av folkemusikalske samspelprosjekt. Og desse karane er (framleis) i frontlinja! I denne trioen har Mats og Tellef med seg tradisjonelt repertoar frå Värmland og Agder. Ofte blir låtane utgangspunkt for variasjon og improvisasjon. Med seg har dei ikkje berre låtane, men også historier av mange slag, slik den eldre generasjonen la stor vekt på. Med på laget er også Knut; oppfinnsam trommis med ein stor klangleg palett. Dei siste ti åra har medlemmene i trioen til saman medverka på over 30 produksjonar.