Folk på fredag - SIGRID MOLDESTAD «Med kjærleik frå Breim»

Om arrangementet

Lazy River Robert Averkios Antonsen (gitar, vokal), Kjetil Larsen (trommer), Håkon Nielsen (bass) Tremannsbandet Lazy River spelar elektrisk blues som ein del av den tradisjonelle, amerikanske folkemusikktradisjonen. Med gitar, vokal, bass og trommer presenterer bandet eit program inspirert av den rå og direkte bluesstilen som vaks fram i USA på 1900-talet. Musikk og livet ved dei amerikanske elvebreddene frå slavetida, dei lokale elvebreddene i Kristiansand og på Sand, er grunnlaget for Lazy River sin musikk. SIGRID MOLDESTAD TRIO Sigrid Moldestad (hardingfele, fele, song) Sigrid Moldestad er av Noreg sine fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk, og har sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Ho har eit sterkt forteljarhjarte og ei eiga evne til å røra publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli. Ho vaks opp i den bygda Breim, Nordfjord og vart tidleg introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå heimområdet sitt. Det er denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv. I 2023 gjorde ho det solistiske folkemusikkprosjektet "Breim", som vart nominert til Spellemannspris og Folkelarmpris. Til Folk på fredag kjem ho i triobesetning med glimrande musikarar frå bandet sitt.