Jubileumsfest - Suldalsposten 50 år
Billetter
Om arrangementet
Jubileumsfest - Suldalsposten 50 år Hyttesuldøl, tidlegare politikar, journalist og nasjonalbibliotekar, Aslak Sira Myhre leier festkvelden. Norsken Hilde Sandvik, erfjordbu og tidlegare journalist i Suldalsposten, tar i lag med podkast-vennene, svensken Åsa Linderborg og dansken Hassan Preisler, turen til Suldal. Kvar veke gir dei oss pan-skandinavisk familieterapi, og kva terapi me får på Kulturhuset, må me venta i spenning på til oktober. Suldal bygdekvinnelag serverer smørgraut som sviv, suldalsbete og kaffi. Etter pausen kjem Lærarbandet på scenen, før revysuldal sluttar av jubileumskvelden med lått og løye.
