Konsert Tom Roger Aadland

Om arrangementet

Rockepoeten Tom Roger Aadland kjem til Suldal i mars!

Aadland er ein kritikarrost låtskrivar, tekstforfattar, gitarist og vokalist som debuterte med albumet Obviously Embraced i 2007. Det norske publikummet fekk verkeleg augene opp for Aadland då han gav ut Blod på spora i 2009, ei gjendikting av Bob Dylan sitt Blood on the Tracks i nynorsk språkdrakt. Sidan har det gått slag i slag, med utgiving av eigen musikk, gjendiktingar og konsertar, og ikkje minst samarbeid med store musikalske namn i inn- og utland. Tom Roger Aadland er også tekstforfattar og medverkande på utgivelsar for fleire norske artistar som Marion Ravn, Hellbillies og Vamp. 

Aadland gav i 2021 ut albumet Motgift, ei utgiving som hausta strålande kritikkar. Motgift er produsert av Lars Voldsdal (Madrugada, Hellbillies) og innspilt med somme av landets beste musikarar, inkludert Karl Oluf Wennerberg (a-ha), Kjetil Steensnæs (Bjørn Eidsvåg) og Mikael Lindqvist (DumDum Boys).

«Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skreiv Aftenposten. «Tom Roger Aadland er bedre enn noen gang», meinte Vårt Land, som kalla det nye albumet «en hestekur mot likegyldighet og overfladiskhet».  Stavanger Aftenblad kallar albumet «en reseptfri kur mot det vonde».

Foto: Edgar G. Bachel