Mari Boine

Om arrangementet

- Om du har lyst til å gå på ein bra konsert, og du ser at Mari Boine spelar i byen, då må du gå. For det er fett, altså. (Odin Stavaland, Vamp #hgvm)

Mari Boine har lenge vore kjend som ein grensesprengande musikalsk pioner, men dei siste vekene tør vi påstå at endå fleire har fått auga opp for den sterke stemma ho innehar – i samband med deltakinga hennar på Hver gang vi møtes. Boines tolkingar av dei andre artistane har så langt fått mykje fortent merksemd, og fleire terningkast 6 frå dei store media.

«Mari leverer ein magisk, suggererande og nærast hypnotisk versjon. For ein urkraft ho innehar som artist og menneske! (...) Easy To Love», skreiv Dagbladet. VG trilla toppkarakterar for hennar versjon av Mother, og kallar den ein «kraftoppvisning».

Denne Uro vart også belønna med terningkast 6, og der vert ho omtala som «ein av våre leiande musikalske alkymistar, med ein misunningverdig kontroll». Mon tru om ikkje vi får høyre nokon av desse versjonane live på turneen? Når ho kjem til Suldal har ho med seg fullt band, og også eit nytt studioalbum i bagasjen.

Det er fantastisk å oververe hennar artisteri gjennom TV-skjermen, men ingenting er som å oppleve henne live frå ei scene. Etter episoden av Hver gang vi møtes som vart vist 13. januar, sa Vamp-musikaren Odin Staveland: «Om du har lyst til å gå på ein bra konsert, og du ser at Mari Boine spelar i byen, då må du gå. For det er fett, altså.» Me stiller oss 100% bak dette utsagnet!