Mitt Internett med Anne Gunn Halvorsen

Om arrangementet

Velkommen til ein annleis og underhaldande kveld om skjerm, barn og teknologi! Me har ikkje alltid hatt heile verda i lomma, og mange av oss hugsar korleis det var før. I gamle dagar var alt så mykje enklare! Barna leika fredeleg utendørs, dei hjalp til med husarbeid og las klassisk litteratur. Eller var det eigentleg sånn? Forfattar Anne Gunn Halvorsen frå Vikedal har skrive boka «Mitt internett - då www kom til Noreg» som handlar om då internett og heime-pc-ar vart introdusert for oss på nittitalet. Med utgangspunkt i eigen oppvekst og ved hjelp av kjelder som dagbøker, gamle kjærester, venner og fagfolk undersøker Halvorsen korleis introduksjonen av internett har prega henne -og oss alle. Foredraget byr på morosame videoar, overraskande funfacts og handlar om teknologien, politikken og driftene som gjorde internett og datamaskinar til allemannseige. Vel møtt til ei lystbetont tidsreise tilbake til då datamaskinen var tung og framtidshåpet stort.