Utekino på Torjå på Sand i Suldal

Mamma Mia - utekino ein haustkveld på Vestlandet, kan det gå an?

Nei, utekino i regn er ikkje for kven som helst. Men suldølen let seg ikkje hindra av nokre skyller. Me sette i gong med Askeladden klokka 21. Då var det godt og mørkt, slik det høver seg på kino, og parasollane på Torjå på Sand gav god ly. Publikum var godt førebudde og hadde kledd seg for vêr og føre. Filmen, Askeladden i Soria Moria-slott hadde allereie hatt premiere, men me sparte den til denne kvelden. Kjekt å kunne by det friske publikummet på eit skikkeleg godt, norsk eventyr!

Utekino på Torjå - Foto Marit Larsen

Rigga og klart til Utekino på Torjå på Sand i Suldal. (Foto: Marit Larsen)

Oppe på kulturhuset hadde kafeen vår rigga til med white party og gresk aften, i ekte Mamma Mia-stil for dei som skulle sjå den seine filmen. Ein time før midnatt fyrte me i gang kveldens andre film; Mamma Mia sing-a-long. Og då, alstå, då hadde det slutta å regne! Nesten magisk korleis det kan ordna seg.

Askeladden på utekino

Askeladden på utekino. Foto: Marit Larsen

Kinosnacks

Viktig å ruste seg godt til uteaktiviteter.

 

 

 

_
_
_