Bowling

Bowling er ein kjekk aktivitet for både barn og vaksne. Me lagar gjerne eit opplegg for deg og familien, laget ditt eller vennegjengen.

ORDINÆRE OPNINGSTIDER

NB! Bowlingen er stengt for vedlikehald veke 46 (11. - 17. november 2020). 

  • Tysdag kl. 17.00- 21.00
  • Onsdag 11.00-15.00
  • Torsdag kl. 17.00- 21.00

Kontakt oss for eit tilbod: 52 79 22 90.

Prisar:

  • Timeleige inkl. sko (per bane)
    Kvardagar 11.00-17.00: Kr. 250,-
    Kveld og helg Kr. 230,-
  • Enkle seriar (per serie)
    Kvardagar 11.00-17.00 Kr. 35,-
    Kveld og helg Kr. 45,-

Me kan laga opplegg for deg og dine, med bowling og matservering, viss de ønskjer det. Det går også an å leiga bowlingen til arrangement utanom opningstidene våre. Me kan arrangera kurs i bowling.

Kulturhuset har tre banar i amf-laminat, bowlingbanane ligg i underetasjen. Her finn du også ein koseleg sofakrok med tv, biljardbord og darts.

Inngang til bowling gjennom hovudinngang i opningstida til kulturhuset. Utanom opningstid er det inngang på venstre side av huset, i kjellarinngangen.

_
_
_