1

Gøy for store og små! Askeladden og Gullfuglen

Familieframsyninga om Askeladden og Gullfuglen passar for barn frå 2 år.

Ta med deg dei minste til Kulturhuset i Suldal i haustferien og møt eventyrhelten Askeladden i denne framsyninga som varar i omlag 40 min.  Askeladden og Gullfuglen passar for barn heilt ned til 2-årsalder.

  • Kafeen er ope frå 11 til 17.
  • Framsyninga begynner kl. 17.

Dette skjer i Askeladden og Gullfuglen: 

Det var ein gong ein Konge som hadde ein hage. I den hagen sto eit epletre, og på det epletreet voks det kvart år eit gulleple; men når det lei mot den tida at dei skulle til å plukke det, så var det borte. Ingen visste kven som tok det eller kor det blei av det. Kongen blei sint og lova at den som kunne fakke epletjuven skulle få Prinsessa og det halve kongeriket. Då det lei mot haust kom Askeladden til Kongsgården og sa til Kongen at han nok skulle greie å fange epletjuven. Askeladden tok plass under epletreet og rett som det var, skein det noko som ei sol, slik at han såg kvar fjør på fuglen, lenge før den rakk fram. I det same gullfuglen slo ned og tok eplet, ville Askeladden ta han, men han fekk berre ei fjør av stjerten på han. Askeladden drog så i veg for å fange fuglen; for han hadde då vore så nær at han hadde bitt seg merke i den og fått ei fjør av stjerten på han.


Askeladden, Gullfuglen, Kongen, Trollet, Reven og Prinsessa er med i denne spennande og sprudlande nye framsyninga frå Askeladden Friteater. Du ser den på Kulturhuset i Suldal i haustferien.



_
_
_