1

Korps - Haugesund Teater

Haugesund teater set opp det Ibsenpris-nominerte stykket Korps. Med på scena: utøvarar frå musikkorpsa i Suldal!

  • Kafeen har ope frå 11 til 19
  • Korps begynner klokka 19

Me kan nærmast garantera at du vil treffa kjentfolk på scena!

Korps i Suldal

Knut Nærum sitt teaterstykke Korps skal i haust turnere i Rogaland, og på kvar plass blir det eit lokalt korps med. I stykket møter me Silje (Ameli Isungset Agbota) som speler klarinett og Emil (Henrik Bjelland som speler baryton. Men det er ikkje bare Silje og Emil som blir kjent gjennom korpset. På dugnad treffast foreldre og naboar også, anten dei vil eller ikkje. I ein smeltedigel av kjensler, nostalgi, personleg agenda og oppofrande engasjement blir me kjente med alle dei som gjer korps til korps, og me blir kjente med dei som driv frivillegheitsnorge.

Korps er ei teaterframsyning som hyllar korpslivet i bygd og by.
Knut Nærums Ibsenpris-nominerte hyllest til frivillegheit er eit nært og varmt møte mellom to unge menneske og miljøet rundt dei.

Stykket vart nominert til Ibsenprisen 2018.

PÅ SCENA

Henrik Bjelland

Ameli Isungset Agbota

KUNSTNARISK TEAM

Regi: Janne Langaas

Manus: Knut Nærum

Scenografi: Kristin Bengtson

Lysdesign: Kåre Nordseth

KORPS:

Musikkorps med folk fra heile Suldal.

_
_
_