Songarlaget med Queen - THE SHOW MUST GO ON

Om arrangementet

Songarlaget synger Queen

THE SHOW MUST GO ON

QUEEN med Songarlaget + band og Bente Tednes Gjil 

Songarlaget har gleda av å invitera til ein kveld med store musikkopplevingar når me, saman med solist Bente Tednes Gjil og eit stjernelag med musikarar, framfører musikk av Queen på Kulturhuset i Suldal fredag 13. og laurdag 14. juni kl. 19.00.

På programmet står alle dei største og mest kjende låtane frå Queen – frå favorittar som "We Will Rock You" og We Are The Champions" til "Bohemian Rhapsody" og "Another One Bites The Dust".

Med om lag 40 koristar på scenen, ei sterk soliststemme i Bente Tednes Gjil og følgje av dyktige musikarar, ligg alt til rette for ein energisk og stemningsfull konsert. Medverkande er:
Erik Aldner (saksofon)
Einar Olsen (el-gitar)
Distriktsmusikarane i Ryfylke: Xenia Berkova (fiolin), Benedicte Årsland (cello), Veerle Haug Tieghem (piano)
Mikaell Olsson (kontrabass)
Rolv Henrik Øye (perkusjon)
Martin Haug Tieghem (el-gitar)

Velkommen til ein kveld med vare balladar, energisk rock og storslåtte refreng – The Show Must Go On!